Det opplyser Noregs Bank i ei pressemelding onsdag.

Økonomane ventar at renta vil bli heva med 0,25 prosentpoeng i desember til 0,5. Dei viser til at den registrerte arbeidsløysa har halde fram med å falle på linje med Noregs Banks anslag.

Under pandemien, som utløyste det største tilbakeslaget for norsk økonomi sidan krigen, har renta lege på rekordlåge null. Først i september vart ho heva igjen, då for første gong sidan 7. mai 2020.