Talet på nye koronapasientar innlagt på sjukehus gjekk ned til 74 i veke 17 etter 137 i veke 16. Dei siste åtte vekene har det vore ein jamn nedgang i nye pasientar.

Talet på intensivpasientar har òg gått ned, frå 17 nye i veke 16 til ni nye i veke 17. Det viser FHIs seinaste vekerapport, der dei tek atterhald om at innleggingsstallane kan bli oppjustert.

Nedgang over alt

Totalt er det meldt om 3.006 dødsfall fram til 1. mai 2022. I veke 17 vart det registrert 59 dødsfall, mot 53 i veke 16. Medianalderen for dei som døydde, var 84 år, skriv FHI.

Fagdirektør Asle Kjørlaug hjå Helse Førde seier at me i Sogn og Fjordane er tilbake på eit normalt nivå, både når det gjeld smitte i samfunnet og helseføretaket sitt sjukefråfall.

I starten av mars gjekk helseføretaket ut av beredskap. Med det slutta dei å følgja ekstra nøye med på koronaviruset, forklarar han.

– Akkurat no er pandemien avslutta. Pause er kanskje eit betre ord. Det er ikkje alle fall noko som pregar oss, seier han.

For små tal til å dela

Kjørlaug er forsiktig med å fortelja kor mange som har mista livet til koronaviruset her lokalt. Dei fleste tilfella kjem frå sjukeheimane ute i kommunane og dei har ikkje Helse Førde oversikt over.

– På sjukehusa vore trur eg ikkje me har hatt eit einaste dødsfall det siste året. Det er nesten så få personar at det kan bli ei utfordring å gå ut med det, seier han, og viser til teieplikta.

– Det er så små tal, legg han til.

Han trur årsaka ligg i at deltavarianten ikkje fekk herja nok her før omikron tok over.

– Me såg ikkje den bølgja som andre gjorde. Med det slapp me unna på ein veldig god måte. Dei andre føretaka i Helse Vest, Stavanger, Fonna og Bergen, hadde sine deltautbrot som var veldig utfordrande. Det fekk ikkje me, seier han.

Held auge med nye variantar

Ifølgje vekerapporten til FHI viser befolkningsundersøkinga at det òg har vore ein jamn nedgang i delen deltakarar som melder om forkjølingssymptom, delen som testar seg og delen som oppgjev positiv koronaprøve sidan veke 8. Det har òg vore nedgang i melde tilfelle til MSIS sidan veke 8.

Omikronvarianten BA. 2 overtok for varianten BA. 1 i veke 6 og utgjer no mellom 95 og 100 prosent av alle gjennomgåtte prøver dei siste vekene.

– Enkelte interessevariantar og variantar på overvakingslista er påvist sporadisk i Noreg siste tid, mellom anna eitt tilfelle av BA. 5, skriv FHI.

Mutasjonane vart denne veka omtalt av Aftenposten, som skriv at det er lite truleg at det kjem nye og strenge tiltak i framtida. Då må det dramatiske mutasjonar til. I Helse Førde seier Kjørlaug at det må ein alvorleg og meir dødeleg mutasjon til for at helseføretaket skal gå inn att i beredskap.

– Det kan skje, og det er noko som blir sett på internasjonalt. Men me vil følgja nasjonale myndigheiter sine retningslinjer, seier han.

Passerte toppen

FHI melder at influensautbrotet i Noreg òg ser ut til å vere minkande.

– Epidemien passerte toppen i veke 8, og det er forventa ein framleis nedgang i innleggingar av pasientar på grunn av covid-19 i vekene framover. Trenden i innleggingar for influensa er òg på veg ned, skriv FHI.