Gå til sidens hovedinnhold

Nordmenn usikre på om lokale koronareglar er lurt

Det norske folket er tvilande til om det bør vera mindre strenge lokale koronareglar der smitten er låg, ifølgje ei ny undersøking frå Norsk koronamonitor.

Kommunar har høve til å innføra strengare koronareglar enn dei nasjonale. Norsk koronamonitor frå Opinion har spurt 7.000 nordmenn om dei synest kommunar bør kunna innføre mindre strenge reglar enn dei nasjonale.

44 prosent svarer ja, medan 46 prosent svarer nei. Resten svarer at dei ikkje veit.

– Folk flest er usikre på kor lurt det er å differensiera regelverket frå kommune til kommune og gi rom for mindre regionale tiltak, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Ifølgje Norsk koronamonitor har det i fem månader på rad vore klart fleire som seier nei til at kommunar bør kunna innføra mindre strenge reglar. Likevel er trenden over tid at nordmenn blir stadig meir delte på midten.

Nord-Noreg er einaste landsdelen der det over tid er fleire som seier ja enn nei til at kommunar bør kunna innføra mindre strenge reglar enn dei nasjonale. I januar seier 57 prosent av nordlendingane ja, medan 35 prosent svarer nei. Også i Oslo og på Vestlandet vippar det svakt mot ja.

Måndag vil statsminister Erna Solberg (H) gjera greie for om handteringa av koronapandemien. Det er venta at helsestyresmaktene i helga ser nærare på nasjonale og lokale tiltak.

Kommentarer til denne saken