– Å la ungdom frå heile verda møtast, leva saman og ta utdanning i lag, er noko av det viktigaste vi kan gjera for fred og ei betre verd. Difor har eg i dag nominert United World Colleges (UWC) til Nobels Fredspris 2022, seier Alfred Bjørlo i ei pressemelding. Han er stortingsrepresentant for Venstre frå Sogn og Fjordane.
United World Colleges (UWC) vart skipa av Kurt Hahn på slutten av 1950-talet. Den fyrste UWC-skulen, Atlantic College i Wales, tok opp fyrste kull elevar i 1962. I dag er det 18 UWC-skular i 18 ulike land på fire kontinent – herunder Red Cross Nordic UWC i Fjaler i Vestland fylke i Noreg, og nasjonale UWC-komitear i over 150 land.
– Grunntanken til UWC om å nytta utdanning som verkemiddel til å skapa fred og knyta band på tvers av grenser, er heilt i Alfred Nobel si ånd. Eg meiner UWC er ein framifrå kandidat til Nobels Fredspris, ikkje minst i ei tid kor vi ser tiltakande konfliktnivå mellom land og menneske mange stader i verda, seier Bjørlo.