Nokre fjellovergangar er opne, andre har kolonnekøyring – sjå oversikta her

STENGT: Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er stengt på grunn av uvær. Slik såg det ut laurdag morgon. Bilete er frå webkamera i Vestredalen i retning Hol.

STENGT: Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er stengt på grunn av uvær. Slik såg det ut laurdag morgon. Bilete er frå webkamera i Vestredalen i retning Hol. Foto:

Ved starten på vinterferien er det varierande tilhøve på fjellovergangane mellom vest og aust.

DEL

På riksveg 13 over Vikafjellet er det kolonnekøyring på grunn av opprydding. Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland opna laurdag morgon etter å ha vore stengt på grunn av uvær. Elles er det ok å ta seg fram både over Hemsedalsfjellet og Filefjell.

På Hemsedalsfjellet er det snø og isdekke, laber bris og opphaldsvêr.

Filefjell har lett snøvêr, men laber bris og snø og isdekke. Mellom Tyin og Årdal er det lett snøvêr, og det er greie køyreforhold både over Utvikfjellet og Strynefjellet. På sistnemnde fjellovergang bør folk vera merksame på at det er elg i området som kryssar vegen, melder Statens vegvesen.

Artikkeltags