32 lette køyretøy var innom og 68 vart kontrollerte for beltebruk. Kontrollen medførte eitt bruksforbod, eitt gebyr og heile 23 skriftlege manglar. Her er kontrollørane sin kommentar:

« – To senka køyretøy blei pålagt å framstilla køyretøya for godkjenning hjå Statens vegvesen.

– Det vart skrive teknisk mangel på tre køyretøy som støya for mykje.

– Det vart skrive teknisk mangel på 15 køyretøy med feil på lys.

– Det vart bruksforbod på ein tilhengjar utan lys.

– Det vart skrive teknisk mangel på ein tilhengjar med utsliten tilhengjarkopling. Det vart og skrive mangel på naudbremsen, då denne var ombygd.

– Ein førar fekk gebyr for å ikkje ha med vognkortet under køyringa.

– Det vart observert ein lett motorsykkel som var ombygd og den laga ein del støy. Sykkelen må inn til kontroll hjå Statens vegvesen.»