På Facebook er eg medlem av ei ”gjenbruksgruppe”. Her går det jammen unna! Sidan i går er 128 nye skrytebilete posta. Det er utruleg kor kreative og miljøvenlege folk her er. Ei av klikk-vinnarane har til dømes laga ein gigantisk utesofa av gratis Euro-pallar, som venen hennar henta i den gamle lastebilen sin frå kjøpesenteret i nabobyen.

Ho måtte berre kjøpa 14 meter dusjforheng av plast for å verja pallekonstruksjonen mot eventuelt slagregn og anna mogleg aggressiv nedbør.

Pluss 19 meter billeg bomullsstoff frå India. Pluss skumgummimadrassar frå salet på Jysk, for å laga puter. Pluss fire liter plastbasert måling, diverse eingongspenslar og tildekkingsplast, ekstra kraftig epoxylim, arbeidshanskar, naglar, vinkelbeslag og plastknottar. Pluss kanskje impregnering til føtene og undersida på utesofaen, slik at den ikkje må kastast etter ein einaste regnfull vår og sommar?

Ein yngre mann i gruppa har laga ei vakker gåveinnpakning av eit tomt Pringles-røyr, etter å ha handla inn klistremerke-bokstavar, stoff, perler, lim, spraymåling og annan dekor for berre 2–300 kroner på Panduro. Eller enda verre, dersom han fekk det fraktfritt levert frå www. my-precious-beautiful-loving-family-home.com i Hongkong.

Eg tykkjer jo at det er trist når hobbyar, mat, klede og andre kvardagsbehov er blitt noko me skal miljøprofilera, analysera og tilpassa ein politisk agenda. At gleda ved å køyra gamal Rover eller Saab har fått bismak. At eg ikkje får lov av butikken å kjøpa ost, kjøt og egg som er ørlite for gamal å hamna i billig-kroken med dei andre nedprisa varene. Det er litt trist at gleda ved SAL! og impulskjøp av klede frå kjedebutikkane er borte no, sidan eg veit at dei billege kleda ikkje berre ureinar miljøet kring fabrikkane, men også at rikingar får auka rikdomar – fordi barn må selja barndomar.

Men det som verkeleg kan ta nattesøvnen frå meg er at så få har skjøna hovudpoenget, at så mange storforbrukande miljøsvin gøymer seg bak liksom-miljøvenlege tiltak.

Det hjelper ikkje å pussa opp loppemarknad-kupp med spraymåling og jugl. Heller ikkje å kjøpa kleda sine på Fretex, dersom ein då kjøper både oftare og dobbelt så mange, fordi brukt seiest å vera så bra for miljøet.

Det hjelper i alle fall ikkje dersom ein attpåtil skryt av ”gjenbruket” sitt på Facebook til ein blir blå i både ansiktet, hjernen – og i verste fall det politiske samvitet sitt.

Ikkje så lenge ein grisar i veg og kjøper søppel, kvar einaste dag.

Har me ikkje snart, som det heiter på engelsk, ENØFF?