No vil Lerum ta opp konkurransen med Coca Cola: – Målet er å selja ein million flasker


YPPAR SEG: Lerum vil yppa seg mot brusgigantane og lanserer no sin eigen sukkerfri brus. (Foto: skjermfoto: zeroh.no )

YPPAR SEG: Lerum vil yppa seg mot brusgigantane og lanserer no sin eigen sukkerfri brus. (Foto: skjermfoto: zeroh.no )

Lanserer ny sukkerfri brus.

DEL

– Me skal gjera Noreg endå meir sukkertfritt, heiter det i ei pressemelding frå fabrikken på Kaupanger. Her vert det annonsert at Lerum ynskjer å utfordra brusgigantane og tek mål av seg til å selja ein million flasker i 2020.

Her vert det også opplyst at ZERoh !- det sukkerfrie alternativet frå Lerum – no er Norges mest populære saft.
I fjor kom den i saft-is-form, som landets første is utan kaloriar. No har Lerum sett seg føre å laga ein brusversjon av han.

For å gjera det mogleg, har verksemda konstruert ei eiga brusmaskin spesielt laga for Sparkling Zeroh!

Målet var klart: – Eg ville ha diskrete og behagelege bobler, ikkje sånne som raspar i halsen. Det har eg ikkje sansen for, seier Kurt Lerum, familiverksemda sin eigen "Reodor Felgen" i følgje pressemeldinga.

Til Dagbladet seier kommunikasjonssjef i Coca-Cola, Metter Vinther Talberg, at dei ynskjer konkurrenten velkommen.

– Å redusera sukkerinntaket til folk er ein dugnad der alle mat- og drikkevareaktørar må bidra. Ingenting er betre enn sunn konkurranse og fleire sukkerfrie alternativ.

Artikkeltags