Gå til sidens hovedinnhold

No skal vi tilbake til ein normal kvardag

(FIRDA): – Meteren gjeld ikkje lenger, vi kan no vere saman på same måte som tidlegare, sa statsminister Erna Solberg under pressekonferansen fredag.

Frå klokka 16.00 laurdag blir dei aller fleste koronatiltaka fjerna, og vi kan igjen gå tilbake til ein normal kvardag.

Ho samanfatta også overgangen slik:

– No kan vi leve som normalt.

Frå laurdag klokka 16.00 går Norge over til ein normal kvardag, med auka beredskap. Alle restriksjonar innanlands, med unnatak av kravet om å gå i isolasjon dersom du er sjuk med covid-19, blir fjerna frå 25. september.

Avgrensinga på kor mange som kan vere saman på arrangement, vert fjerna.

Det blir slutt på krav om innsleppstopp.

Ein bør framleis teste seg dersom ein får symptom på korona, sjølv om ein er vaksinert.

Kommentarer til denne saken