E16 Jordalsnuten i Aurland/ Voss, Vestland – E16 Jordalsnuten i Aurland/ Voss: Fjellsikring med lysregulering frå 07.00 – 19.00 måndag.

E16 Hylland bru i Aurland: Planlagt oppryddingarbeid med eitt køyrefelt og manuell dirigering. Frå 07.00 til 19.00 måndag, tysdag og onsdag, samt fram til klokka 11.00 onsdag.

E16 Lærdalstunnelen i Aurland/Lærdal: Vegarbeid mellom 20.00 og 06.00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå 18.09.2023 til 22.09.2023. Manuell dirigering.

E16 Borlaugstunnelen i Lærdal: Vegarbeid med manuell dirigering mellom 20.00 og 06.00. Frå måndag kveld til 20. september.

Rv5 Frudalstunnelen i Sogndal: Sama gamle. Stengt med kortare ventetider frå 06.00 til 18.00. Inntil ein halvtime mellom 18.00 og 20.00, og inntil ein time frå fram til 23.00. Stengt for gjennomkøyring frå Skei frå 01.25 til 05.25, og frå Sogndal frå 01.30 til 06.00.

Rv5 Kjørnes i Sogndal: Manuell dirigering mellom 07.00 og 19.00. Forventa avslutning til klokka 15.00 torsdag.

Rv13 Bondeviki i Sogndal: Lysregulering heile døgeret.

Rv13 Holoseter i Voss – Vikafjellet i Voss/Vik: Vegarbeid med manuell dirigering frå 07.00-19.00. Gjeld til 29. september.

Fv53 Tyinoset i Årdal – Tyinkrysset Fjellstue i Vang: Asfaltarbeid med manuell dirigering frå 07.00 til 19.00. Måndag til fredag fram til 8. oktober.

Fv5602 Steinagjelet i Vik: Vegarbeid og stenging i korte periodar mellom 08.00 til 19.00 måndag til torsdag. Fram til 2. desember.

Fv5632 Haug i Årdal: Vegen stengt mellom Lovardalen og Ringsdalen frå 08.00 til 19.00 måndag til torsdag, 08.00 til 15.00 på fredag. Gjennomkøyring mellom 12.15 og 12.45. Vegarbeid fram til 6. oktober.

Fv5640 Geitaneset i Luster – Kjørlaug i Luster: Vegen er stengt fram til 11. november.