Gå til sidens hovedinnhold

No må du ha litt tolmod om du skal over her

Langhelga er over og arbeidsdressen er komen på. Det betyr mykje vegarbeid rundt om i Sogn.

Mykje kjenner me allereie til, men det dukkar stadig opp nye prosjekt som kan by på ventetid og test av tolmodet.

Måndag kveld vart det rigga opp med skilting om vegarbeid ved Loftesnesbrui, og meldingane frå Statens vegvesen er at på Rv. 5 Loftesnesbrui, vert det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid frå måndag 24.mai og fram til laurdag morgon.

Nokre av prosjekta

Vil du halda deg heilt oppdatert kan du gå inn her.

Elles så er dette berre eit lite utval av det du har i vente denne veka.

På E16 Gudvangatunnelen, på strekningen Voss – Lærdal vert det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid frå tysdag 25. mai og fram til torsdag morgon. Arbeidet skjer frå kveld klokka 20:00 til 05:30 (neste dag). Ventetid ca. 30 minutt.

E16 Seltatunnelen – Borgundstunnelen

Forseinkingar på inntil 30 minutt på grunn av vegarbeid i periodane: Alle dagar frå 20:00 til 06:00 (neste dag).

Rv. 5 Fodnestunnelen,

Manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid frå onsdag 26. mai klokka 20.00 og fram til neste dag klokka 06.00. Vent på følgjebil, ventetid ca. 20 minutt. Utrykningskjøretøy kan passere.

Kolonnar blir tilpasset ferjeavgangar og rutegåande trafikk.

Tilsvarande opplegg vert det for Rv. 5 Frudalstunnelen, frå torsdag 27. mai klokka 20.00 og fram til neste morgon.

I tillegg er det arbeid i Fjærlandstunnelen på Rv 5 frå tysdag 25. mai og til fredag kveld. Også her er det følgjebil.

Rv 13 på Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger er trafikken lysregulert på grunn av vegarbeid, medan i Årøy mellom Sogndal og Luster må du kalkulere langt lenger ventetid om du ikkje treff på opningstidene.

Kommentarer til denne saken