SUPERLAGET: I boka om Sogndal kan du følgja klubben frå 60-talet og fram til i dag. (Foto: Selja Forlag)

No kjem Timberlid med bok om Sogndal

Frå krim til fotball.

Publisert 25.10.2019 kl. 07.40.

«Superlag frå Sogndal», er tittelen på den nye boka til Rune Timberlid der du kan følgja bygdalaget som vart toppklubb i fotball.


Timberlid, som er forfattar og journalist i Sogn Avis, har teke føre seg klubben frå tidleg 60-talet og fram til i dag.


Komande onsdag vert det bokslepp på Campus Fosshaugane, heiter det i ei pressemelding frå Selja Forlag.

FORFATTAR: Rune Timberlid er forfattar av den nye boka om Sogndal. (Foto: Selja Forlag)

40 sesongar

I 18 sesongar har Sogndal Fotball spela i den norske eliteserien i fotball. I over 40 sesongar har den vesle klubben frå Sogn spela samanhengande i norsk fotballs to øvste divisjonar.


Samstundes har Sogndal Fotball bygt anlegg som større klubbar berre kan drøyma om. No kjem boka som fortel korleis dyktige leiarar klarte byggja toppfotballkultur i ei bygd med nokre få tusen sjeler.


Superlag

Superlag frå Sogndal er tittelen på boka som Rune Timberlid har skrive. 30. oktober er historia om den spesielle fotballklubben med base på Fosshaugane i handelen.


Boka tek lesaren med på ei unik reise i norsk fotball. Du kan følgje klubben frå Sogndal Fotball kom med i seriesystemet tidleg på 1960-talet til dagens moderne klubb som har inntekter som nærmar seg 100 millionar kroner i året.


Anlegg

Undervegs har Sogndal Fotball bygt anlegg for stor summar. Berre på Campus Sogndal har klubben investert 450 millionar kroner.


- Superlag frå Sogndal teiknar også portrett av nøkkelpersonar i klubben. Det handlar om nokre av dei dyktigaste leiarane i norsk klubbfotball, trenarar som kom og gjekk og sentrale spelarar som har sett Fosshaugane og Sogndal på fotballkartet i tiår etter tiår, skriv forleggjar Torkjell Djupedal i pressemeldinga.


Boka har også ein fyldig statistikkdel, og er rikt illustrert.


Les meir om: Kultur