– Det er overgang til mildare vêr. Det betyr plussgrader. Onsdag ser ut til å bli den varmaste dagen med opp mot 9 plussgrader heilt inst i Sogn, seier Martin Granrød ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Etter ei kald helg er det slutt på dei fine vinterdagane med tørt vêr og minusgrader. No snur det og måndag kjem mildvêret.
Søndag ettermiddag er det fine forhold på vegane i Sogn, men frå måndag blir det andre bollar. Komande veke blir våt og kan by på stengde fjellovergangar, isete vegar og vanskelege køyreforhold.
Slik ser det ut på vegane
Nedbør og skya vêrtype
– Det ligg an til at det blir ein del nedbør dei næraste dagane. Det kjem som sludd eller snø i første omgang før det går over til regn, seier Granrød.
Når det gjeld vind er det hovudsakleg fjellovergangane som får det verst.
– Det er ei sørvestleg retning på vinden, og den merkar ein gjerne mest på kysten og i fjellet.
Elles blir det meldt om skya vêr både måndag, tysdag og onsdag med regn i periodar.
– I indre strøk av Sogn er de litt heldigare, men må nok forventa at det kjem noko mellom 10 og 20 millimeter i løpet av dei tre dagane.
Fare for is
Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for is på grunn av regn som frys på kald bakke. Når me nærmar oss tysdag skal plussgradene krypa langt opp i fjellet. Det betyr fare for is her også.
Nedbøren skal stort sett halda seg i dei vestlege fjellområda.
– Kor lenge skal dette vara?
– Det ser ut til at me går inn i ei veke med vestavêr. Akkurat no ser torsdag tørrast ut. Det vil vera periodar med opphaldsvêr også, men det ser ut til at det blir mest gråvêr.