Версия на русском следует в конце:
Politiet har starta opp eit mottakssenter i Førde.
– Tanken er å registrera dei som er komne til Sogn og Fjordane, og som ikkje er registrerte frå før i Råde eller Bergen, seier politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.
Det har vore stort trykk på Kokstad i Bergen, der ukrainske flyktningar her om kring har måtte registrert seg. Det har også ført til lang reiseveg for dei.
Kan ta kontakt med lokalt politi
I tillegg til eit nærare mottakssenter, er det også mogleg å ta kontakt med lokalt politi først. Der blir det utført ei pre-registrering, og det kan skje til dømes på politistasjonar som Aurland, Årdal eller dei som er nærast.
– Det er for at me skal ha ei oversikt, og denne blir sendt til Førde. Så kallar me inn flyktningane fortløpande til Førde, for ein ordentleg asylregistrering, seier Johannessen.
Det er mellom anna viktig for at dei som er familiar får ei mest mogleg samla reise.
Johannessen understrekar at dei som har kontakt med ukrainske flyktningar, og privatpersonar som har flyktningar buande hos seg, blir merksame på dette og informerer dei.
– Topp prioritet
Det nye opplegget gjeld ikkje dei som allereie er blitt registrerte på veg til Sogn og Fjordane. Politiet sitt ansvar i prosessen stoppar også når dei er blitt registrerte og tildelte eit nummer, då er det UDI og kommunane som tek over.
Arbeidet vil krevja litt av ressursane av politiet lokalt.
– Det er sagt at dette har topp prioritet, og det tek me til oss. Politiet skal gjera sin del av samfunnsoppdraget, og hjelpa dei som kjem til Noreg. Det tek me på strak arm, og det blir jobba med opplegg for å styrka dei som driv med registrering.