– Alle elevar på vidaregåande skule kan få utstyrsstipend frå Lånekassen. Dei søker om dette på Dine sider på lanekassen.no, seier administrerande direktør i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark, i ei pressemelding.
Utstyrsstipendet, som alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få, skal gå til utstyr elevane treng i opplæringa.
Det er fire satsar (frå 1.071 kroner til 4.412 kroner), og kor mykje elevane får, avheng av kva for linje dei tar. Utstyrsstipendet blir utbetalt éin gang per skuleår.
Kan få ulike typar stipend
Det er også andre typar stipend for elevar på vidaregåande.
Dei som må bu borte frå foreldra for å gå på skulen, kan få bortebuarstipend på 4 603 kroner i månaden. I tillegg har nokre rett på inntektsavhengig stipend (tidlegare kalla grunnstipend) fordi inntekta til foreldra er svært låg.
Er du under 18 år?
For elevar som er under 18 år, er det eit krav at foreldra signerer for stipendet.
– Be foreldra dine oppretta ein digital postkasse på norge.no før du søkjer om stipend. Då kan dei signera for stipendet ditt elektronisk, seier Schanke Funnemark.
Bur du heime i starten på grunn av koronasituasjonen?
Elevar som må flytta heimanfrå for å gå på vidaregåande skule, men som startar skuleåret med å bu heime hjå foreldra sine på grunn av koronasituasjonen, vil bli rekna som bortebuarar hausten 2020.