Gå til sidens hovedinnhold

No kan du testa Sogn Avis gratis i heile januar

Med eitt klikk kan du no få tilgang til alt plussinnhald på Sogn Avis i januar månad.

– Me håpar så mange som mogleg vil nytta seg av dette. Dei som ikkje les Sogn Avis til vanleg, kan no få eit innblikk i kva me leverer kvar dag, heilt kostnadsfritt, seier redaktør Arve Uglum, redaktør i Sogn Avis.

Lesarane som teiknar seg for gratis tilgang, vil bli bedt om å logga inn med aID. Om ein ikkje har ein brukar frå før, må dette opprettast. Du treng ikkje oppgi betalingsinformasjon, og det vil ikkje bli trekt pengar når tilgangen går ut i februar.

– Me går og ventar på at smittevernrestriksjonane skal sleppa taket no. Eg trur det bil bli ein innhaldsrik vinter med mykje å skriva om. Kva det blir tør eg ikkje spå så mykje om, men noko blir det. Det kokar heile tida, seier han.

Eksklusivt for abonnentar

Tilbudet kjem i samband med at Sogn Avis rettar opp att krav om at ein må vera innlogga abonnent for å få tilgang til eksklusivt innhald.

Frå 28. desember og fram til torsdag 6. januar har alle plussartiklar i Sogn Avis vore tilgjengelege for alle. Dette skjedde som ein konsekvens av at Sogn Avis sin eigar og tenesteleverandør Amedia vart råka av eit dataangrep.

Bonus for mange

– Det har vore stritt internt i avishuset, og papirproduksjonen har vore hardt råka. Men det har også vore ein liten bonus for dei som ikkje les oss til vanleg, i og med at tilgangen til plussartiklar vart opna for alle då systema våre vart råka. Me var nøydde til å gjera det på denne måten for å sikra at alle abonnentane fekk tilgang til alt på sognavis.no, seier Uglum.

Han legg til at systema no er i ferd med å koma gradvis i gang att.

– No veit me at me er i stand til å gje abonnentane våre trygg tilgang til journalistikken vår. Men samstundes gjev me altså andre moglegheita til å lesa oss gratis ut januar. Me håpar sjølvsagt at det skal medføra fleire abonnentar når gratisperioden er over.

Kommentarer til denne saken