Gå til sidens hovedinnhold

No kan du stemma på din favoritt til Luttprisen

No skal årets artist frå Sogn og Fjordane 2020 kårast. Kven meiner du skal få Luttprisen? 

– Eg meiner det er viktigare enn nokosinne å dela ut denne prisen dette året. 2020 har vore eit veldig utfordrande år for musikarane våre. Kanskje kan ein slik pris vera med på å inspirera til å halda fram.

Det seier prosjektleiar for Luttprisen i NRK, Stian Sjursen Takle i ei pressemelding.

Tradisjonsrik pris

Heilt sidan 2006 er denne prisen delt ut til artistar frå Sogn og Fjordane. Til vanleg har den blitt tildelt under ein stor musikkfest.

Prisen er blant anna delt ut saman med Kringkastingsorkestret på Nordfjordeid, på scena i ein aluminiumshall i Høyanger og i kulturhus i Sogndal, Sandane og Førde. Dei siste åra er den delt ut under Luttfest frå Larris scene i Førde.

– Men i år er det umogleg å arrangera ein slik stor folkefest for å dela ut prisen. Me i festivalen har snudd alle steinar, og har klart å finna ein måte der me likevel kan dela ut Luttprisane, seier dagleg leiar i Luttfest Svein Inge Bjørkedal i pressemeldinga.

Digital utdeling

Det er den femtande Luttprisen som blir delt ut i februar. Tidlegare har artistar som Sigrid Moldstad, Kjartan Lauritzen og Eva Weel Skram fått prisen.

I år vert prisen delt ut digitalt utan publikum i salen. Utdelinga vert direktesendt på radio i NRK og på nett-tv hjå fleire lokalaviser i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Der vert det delt ut Luttprisar til årets artist, årets nykomar og til årets bakom-person.

– No håpar eg at publikum vil røysta på sine favorittar til å bli årets artist. Det er plukka ut ti finalistar som no skal kjempa om å vinna, fortel prosjektleiar Stian Sjursen Takle.

Desse kan vinna

Dei ti finalistane er SOFIA, Odd Einar Nordheim, Eva Weel Skram, Tungevaag, Odd-Erik Lothe, Alexander Pavelich, Erlend Apneseth, Sissel Marie, Oselie og Tyyl!

SOFIA er blant dei mest spelte i norsk radio det siste året, Odd Einar Nordheim kom med nytt album og strålte under Stjernekamp.

Eva Weel Skram var ein av dei mest aktive norske artistane med ny musikk og ein stor juleturne trass alle odds.

Tungevaag frå Stad er ei internasjonal stjerne med millionar av avspelingar av låtane sine og Odd-Erik Lothe har med sitt nye album fått mykje speling på norsk radio.

Alexander Pavelich har både laga, sunge og produsert store hits og Sissel Marie imponerte med sitt debutalbum. Oselie gjorde det same med sine radiolåtar i 2020 og Tyyl! gav ut eit nytt, sterkt og rocka album på sognedialekt.

Du kan røysta på årets artist fram til 29. januar. Dei to andre prisane er det fagjuryen som avgjer utan publikumsrøyster.

Stem her.

Luttprisen

Luttprisen er eit samarbeid mellom NRK, lokalaviser i Sogn og Fjordane og festivalen Luttfest. Premien er stipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest sine eigarstiftingar. I år vert prisane delt ut under ei direktesendt digital utdeling utan publikum midt i februar.

Desse har fått Luttprisen – årets artist frå Sogn og Fjordane tidlegare:

2019 – Erlend Apneseth

2018 – Thea Hjelmeland

2017 – Kjartan Lauritzen

2016 – Eva Weel Skram

2015 – Good Time Charlie

2014 – Thea Hjelmeland

2013 – Karl Seglem

2012 – Vreid

2011 – Eva Weel Skram

2010 – Sigrid Moldestad

2009 – Håvard Lothe

2008 – Genereous Days

2007 – Sigrid Moldestad

2006 – Eva Weel Skram

Kommentarer til denne saken