No kan du stemma på Årets sogning

I fjor var det Malene Blikken Haukøy som gjekk til topps, og no har me henta fram åtte nye namn som skal vera med å kjempa om tittelen Årets sogning. Det er du som lesar som avgjer kven som skal få Sogn Avis sin heiderspris 2019.

Publisert 03.12.2019 kl. 20.00. Oppdatert kl. 13.31.

Her er årets kandidatar:


1. VREID: Vreid, med sogndølen Jarle Kvåle som frontfigur, har verkeleg erobra verda. 2019 vart eit heilt spesielt år, då dei fekk stå på same scena som Kiss, Alice Cooper og Slash under Domination Festival i Mexico City.


2. PIA HØL: Tok oppgjer med nettmobbarane etter fleire år med grov seksuell trakassering via sosiale media. Politiet tok saka på alvor og fekk ein person straffa og bøtelagt. Pia er eit godt føregangsbilete for andre og har synt at det kan nytta å seia frå.


3. NILS TORE KROSSHAUG: Var berre eitt bortemål frå å styra Sogndal-juniorane til eit historisk avansement til tredje runde i UEFA Youth League. I tillegg blei det semifinale i cupen, og gode resultat med Sogndal 2 i 3. divisjon. Er ein populær og viktig mann i fotballmiljøet i fylket.


4. GRETE FISCHER: Gjennom Røde Kors engasjert i mange aktivitetar. Mellom anna strikkegruppa, som er spesielt viktig for innvandrarkvinner. Ho er også aktiv i ei teiknegruppe, sentral i ei turgruppe og ansvarleg for symjeopplæringa for innvandrarkvinner.


5. JON-HERMANN HEGG: 20-åringen frå Borgund imponerte alle under EM i rifle. Tok gull, verdsrekord og bronse i EM-debuten på seniornivå. Har frå før teke medaljar i nordisk meisterskap, EM og VM som junior. Blir no satsa på inn mot OL i Tokyo 2020, og er teken ut på eksklusivt satsingslag i regi av Noreg skyttarforbund.


6. TORSTEIN HØNSI: - Ti år sidan gründeren starta IT-verksemda Highsoft. Næringslivseventyret i Vik omset i 2019 for 70 millionar kroner og er ein viktig og framtidsretta arbeidsplass i Vik med sine 34 tilsette.


7. EVA WEEL SKRAM: Har frå å vera Idoldeltakar på sjetteplass til å bli ein av Norges desidert største og mest folkekjære artistar - spesielt etter at ho byrja å syngja på norsk. Årsaka er truleg både det musikalske talentet og evna til å skriva låtar som folk blir glade i, samstundes som Eva møter publikum med sjarm og humor på scena.


8. JØRGEN CHRISTIAN LINDSTRØM: - Har utvida Quality Hotel Sogndal for 200 millionar kroner. Hotellet er blitt størst i fylket på overnatting og er allereie eit viktig og ettertrakta konferanse- og møtehotell for heile regionen.



 


Slik kan du stemma

Bli med å gje di stemme på:


- sognavis.no


- e-post til redaksjon@sognavis.no


- brevpost til Sogn Avis, Postboks 3, 6861 Leikanger - merk konvolutten Heiderspris 2019.


Send gjerne ei grunngjeving for kvifor din kandidat bør vinne.


Fristen for å stemma er torsdag 19. desember.


Kandidatar 2018

Fjorårets kandidatar:


Vegard Skjeldestad, Tord Are Meisterplass, Malene Blikken Haukøy (vinnar), Torunn Seim, Steinar Drægni og Arlene Ainghdalsen.


Les også: Malene (27) er årets sogning - sprang for dei som ikkje kan


Les meir om: Nyhende Bildeseriar