No kan du snart køyra opp med motorsykkel att

OPNAR OPP FOR MOTORSYKKELLAPPEN: Denne veka kan oppkøyringa starta att.

OPNAR OPP FOR MOTORSYKKELLAPPEN: Denne veka kan oppkøyringa starta att. Foto:

Oppkøyring med motorsykkel startar 29. april, melder Statens vegvesen

DEL

Statens vegvesen opnar for oppkøyring på motorsykkelklassane A, A1 og A2 denne veka. Tilbodet vil vera avhengig av kapasitet og vêr- og føreforhold ved dei ulike trafikkstasjonane.

- Trass i ein lang periode med stengde trafikkstasjonar er me heilt i rute med oppkøyring for motorsyklistane, seier avdelingsdirektør Henning Harsem i Statens vegvesen i pressemeldinga frå vegvesenet.

Ikkje bil

Grunnen til at vegvesenet startar med motorsykkeloppkøyring no, er at det er enklare med smittevern på motorsykkel enn inne i eit køyretøy.

Trafikkskulane har dessutan hatt føraropplæring på motorsykkel i nokre veker allereie, slik at elevane er klare for oppkøyring no.

Startar så kjapt som råd

-Statens vegvesen og trafikkskulebransjen jobbar saman med helsemyndigheitene om å laga ferdig ein bransjestandard for smittevern. Det er krevjande å ha opplæring og oppkøyring med fleire personar inne i eit køyretøy over tid og samstundes ta tilstrekkeleg smittevernomsyn. Dette gjer at både føraropplæringa og oppkøyringane ikkje er komne i gang enno. Me har tett kontakt med helsemyndigheitene og vil starta oppkøyring også for bil og tungbil så snart me kan, seier Harsem i pressemeldinga.


Artikkeltags