Tysdag 1. desember får Sogn Avis-lesarane eit nytt tilbod. Frå i dag av kan du sjå den nye kriminalserien OUTLIER på sognavis.no.
Gjennom eit samarbeid med produksjonsselskapet Shuuto får Sogn Avis sine abonnentar, saman med alle andre abonnentar i dei over 80- Amedia-avisene her i landet sjå serien. Serien er i åtte episodar.
Norsk krimserie
Kriminalserien OUTLIER er i hovudsak spelt inn i Troms og Finnmark, med lokale skodespelarar og handling frå Nord-Noreg.
Serien handlar om ei ung jente, 19 år gamle Sofie, som har vore vekke frå heimen sin i fem dagar. Ho vart sist sett på ein fest.
Sofie blir funne drepen på ein campingplass, og kriminalpsykologen Maja Angell er overtydd om at politiet har tatt feil mann.
Klarar ho å overtyda politiet og finna den eigentlege drapsmannen før han slår til igjen?
- Skodespelarar: Hanne Mathisen Haga, Eila Ballovara Varsi, Stein Bjørn, Erik Smith Meyer, Marius Lien m.fl.
- Manus og regi: Kristine Berg, Arne Berggren
- Spelt inn: 2020
- Ansvarlege produsentar: Kristine Berg, Arne Berggren, Shuuto
- Aldersgrense: 12+
Den første av dei åtte episodane blir open for alle. Dei neste sju episodane er plussa, og kan berre sjåast av dei som er abonnentar.