No kan du sjå lokale mosjonistar ta seg heilt ut på direkten

BIRKEN: Nils Henjum fekk rennet i 50 års gåve for 23 år sia, sidan den gong har han vore fast deltakar.

BIRKEN: Nils Henjum fekk rennet i 50 års gåve for 23 år sia, sidan den gong har han vore fast deltakar. Foto:

Birken AS, som forvaltar rettigheitene til Birkebeiner-arrangementa, og Amedia har signert ein treårig avtale som sikrar at alle sportsinteresserte frå heile landet kan følgja løpa frå lokalavisenes sportsportal, Direktesport.

DEL

– Då må eg retta meg opp i ryggen, seier birkenventeranen Nils Henjum.

Han har vore med 22 gonger, og er nok ein gong klar for å ta på seg skia.

– Eg går ikkje fort, men kjem meg rundt, eg pleier å skulda på at eg er reiseleiar.

Sognebussen

Kvart år organiserer Lars Magnar Røneid, Nils Magne Slinde og Nils Henjum sognebussen til birkenrennet, og tradisjonen tru skal ein gjeng frå Leikanger og ein gjeng frå Vik ta seg heilt ut på direkten.

– Birkentradisjonen vart starta av ein gjeng frå Vik og Leikanger, og sidan har det berre utvikla seg. No er me ein god gjeng på omlag 40–50 stk. som reiser ilag, bur på same hotell og går birkenrennet, seier Henjum.

I bussen er det alt frå ungdomar til faste birkenveteranar.

– Me har framleis plass i bussen, so om nokon vil vera med kan dei berre ta kontakt.

Første sending

Etter planen er Birkebeinerrennet 21. mars første sending. Deretter Birkebeinerløpet som vert gjennomført 13. juni, medan Birkebeinerrittet føregår 29. august.

I 2019 blei Birkebeinerrittet vist direkte i Amedias lokalaviser. Erfaringane frå dette samarbeidet er ein viktig del av grunnlaget for avtalen som no er inngått.

– Birkebeiner-arrangementa er både prestisjefylte og omfatta av stor interesse. Rennet, rittet og løpet har brei deltaking frå heile landet. Me veit av erfaring at det er stor interesse for slikt innhald i våre aviser, seier Helge Birkelund, som er direktør for sportsutvikling i Amedia. Og han legg til:

– Me ser fram til å visa Birken-arrangementa til våre abonnentar dei neste tre åra.

Direktesport

Gjennom Direktesport er Amedia allereie landets største formidlar av direktesendt sport.

Konsernets aviser viser mellom anna samtlege kampar i Toppserien og Postnordligaen i fotball, ei rekkje friidrettsarrangement, inkludert Holmenkollstafetten, og Norway Cup med 800 kampar.

No har Amedia inngått ein samarbeidsavtale med Noregs største mosjonsarrangør.

– Me er svært nøgde med å få formidla våre flotte arrangement via Amedia som distributør av Birken-TV. NRK har rettigheiter til å senda Birkebeinerrennet, so avtalen med Amedia betyr eit godt supplement som viser breidda i våre arrangement, seier dagleg leiar Eirik Torbjørnsen i Birken AS.

Artikkeltags