Gå til sidens hovedinnhold

No kan du låna ein forskar

Forskarane Kyrre Groven og Gilda Seddighi er på utlån.

Tradisjonen tru tilbyr Vestlandsforsking gratis føredrag under Forskingsdagane, den årlege, landsdekkjande forskingsfestivalen som går føre seg frå 16. – 27. september i Sogndal.

I år er stikkorda berekraftig tettstadutvikling og førebygging av problemspeling blant barn og ungdom.

For å læra meir om dette kan du bestilla forskarane Kyrre Groven (miljø og samfunn) og Gilda Seddighi (teknologi og samfunn), kjem det fram i ei pressemelding frå Vestlandsforsking.

Korleis har Sogndal utvikla seg dei siste 30 åra?

Kyrre Groven set søkelyset på arealbruken i og rundt tettstadene i Sogndal, og spør korleis utviklinga har vore dei siste tretti åra.

Gjenfotografering gir eit hint om kva endringar som har skjedd på ein stad.

– Me ønskjer alle gode og attraktive lokalsamfunn som får utvikla seg og blomster utan at det går på kostnad av trivsel og viktige natur- og kulturverdiar. Dette krev god arealdisponering, noko som kan vera vanskeleg å få til i praksis, ettersom det er så mange omsyn og ofte kryssande interesser som blir påverka av arealbruken, seier Groven, som for tida er involvert i fleire forskingsprosjekt som tar for seg korleis små og mellomstore tettstader kan utvikla seg på berekraftig vis.

I det eine prosjektet, Vilkår for berekraftig tettstadutvikling (Surround), spelar Sogndal ei sentral rolle som studieobjekt. Bygdebyen har vakse sterkt dei siste tiåra, og ulike interesser står mot kvarandre i val av vidare utbyggingsmønster. Saman med Liv Norunn Hamre ved Høgskulen på Vestlandet har Groven nyleg fått fram kunnskap om korleis arealbruken i Sogndal har utvikla seg frå 1990 og fram til i dag.

Når dataspel blir eit familieproblem

Problem-bruk av dataspel blant barn og ungdom er det andre temaet i år. Ei negativ utvikling i måten barn og ungdom brukar dataspel på, skapar bekymringar blant mange foreldre.

– Mange dataspel krev at ein er online lenge av gangen, og det kan koma i konflikt med familieliv og plikter som skulearbeid, forklarer Gilda Seddighi.

I føredraget ho tilbyr, er hovudpoenget korleis ein kan førebyggja problematiske dataspel-vanar.

– Me har observert eit stort behov for informasjon om korleis foreldre kan handtera dataspel, spesielt blant innvandrarfamiliar med avgrensa norskkunnskap. Desse foreldra har òg mindre oversikt over kor det er hjelp å få og kan frykta konsekvensane av å ta kontakt, seier Seddighi.

Seddighi har nyleg vore med i eit prosjekt der forskarane utarbeidde nye hjelperessursar om problemspeling. Oppdragsgjevarane var Medietilsynet og Nasjonalt kompetansesenter for spelforsking.

Kommentarer til denne saken