No kan du gå på trening igjen

Regjeringa har bestemt at store delar av breiddeidretten kan opna gradvis frå og med torsdag 7. juni.

DEL

Vilkåret er at smittevernregelen med avstand på ein meter vert halde. Idrettshallar kan no opna dørene for idrettsaktivitet. Organisert symjeaktivitet kan starta 1. juni. Trening i elitefotballen kan byrja med ein gong, med seriestart 16. juni.

For treningar i barne- og ungdomsidretten vil det vera eit øvre tak på 20 personar. For idrettsarrangement kan det vera inntil 50 personar til stades med ein ansvarleg arrangør.

15. juni vert det opna for idrettsarrangement for inntil 200 personar med same reglar for smittevern. Same dato opnar regjeringa for at også treningssentera kan opna att.

Artikkeltags