No kan du få ny vaksine mot pollen på blå resept

ALLERGI: Ei smeltetablett som har synt klinisk effekt i pollensesongen er no godkjent på blåresept av Statens legemiddelverk.

ALLERGI: Ei smeltetablett som har synt klinisk effekt i pollensesongen er no godkjent på blåresept av Statens legemiddelverk. Foto:

Våren og sommaren kan vera ei utfordrande tid for dei som har pollenallergi.

DEL

No har Statens legemiddelverk avgjord ar legemiddelet Itulazax kan refunderast etter blåreseptordninga frå og med 1. april. Behandlinga har synt klinisk effekt i pollensesongen ved oppstart minst 16 veker før sesongstart.

20 prosent har pollenallergi

Ifølgje Astma- og allergiforbundet har kring 20 prosent av nordmenn pollenallergi.

Pollen er bitte små partiklar som vert spreia med vind eller insekt for å bestøva planter av same art. Dei pollentypane som har størst betydning i Noreg kjem frå tresortane or, hassel og bjørk, samtlege grasartar, særleg timotei og hundegras, og ifrå selje, vier, pil og burot. Muggsoppsporar kan ved høg tettleik gje dei same plagene som pollen.

Om våren er det pollen frå tre og om sommaren er det gras og burot som er dei vanlegaste pollenkjeldene.

Pollenallergi skuldast at ein reagerer allergisk på protein som finst i nokre pollentypar.

Betennelse

Pollen pustast inn i luftvegane og vert festa til hud, hår og auge. For mange er dette uproblematisk, men hjå dei med pollenallergi vil immunforsvaret i slimhinnene aktiverast, og det oppstår ein betennelsesreaksjon i nasen og/eller i augo.

Ved pollenallergi renn det ofte frå nasen, den klør, tetnar til og ein nys. Augo renn, klør, blir raude og hovnar opp. Mange byrjar å pusta med munnen, noko som fører til at lufta som skal ned i lungene ikkje vert varma opp, fukta og reinsa.

Astma - og allergiforbundet melder at talet på nordmenn med sjukdomen aukar.

Av personar som har astma har kring 80 prosent også ein form for pollenallergi.

Behandling

Det viktigaste i all allergibehandling er å unngå kontakt med det ein ikkje toler.

Det finst ei rekkje medisinar mot pollenallergi. Behandlinga kan skje ved hjelp av nasespray, augedropar, allergitablettar, inhalasjonsmedisinar eller sprøyter. Desse lækjar ikkje, men reduserer plagene.

Allergivaksinasjon er eit behandlingsalternativ ved langvarig og alvorleg allergi der ein ikkje får tilfredsstillande nytte av vanleg medikamentell behandling. Prinsippet er å gje injeksjonar med det stoffet ein er allergisk mot.

Små dosar med ekstrakt av det allergenet ein reagerer på vert sprøyta inn under huda. Den første dosen er så låg av det ikkje utløyser ein allergisk reaksjon hjå dei fleste. Gjennom injeksjonar kvar veke i sju veker vert allergenmengda auka gradvis, fram til ein når ei maksimaldose. Denne dosen vert så gjeven kvar 8. veke i tre til fem år. På denne måten kan ein utvikla toleranse mot dei allergena som nyttast i behandlinga.

KLØE I AUGO: Symptom på pollenallergi er irritasjon i augo, irritasjon i nasen og nysing.

KLØE I AUGO: Symptom på pollenallergi er irritasjon i augo, irritasjon i nasen og nysing. Foto:

Ny vaksinasjonstablett

Den nye vaksinasjonstabletten som no er tilgjengeleg på blåresept er godkjent for vaksne pasientar til behandling av tett nase med eller utan augeinflammasjon som er forårsaka av pollen frå bjørk, or, hassel, bøk, agnbøk eller eik.

– Det er positivt at me no kan tilby bjørkepollenallergikarar, som tidlegare ikkje har fått tilstrekkeleg lindring ved bruk av symptomlindrande legemiddel, ei ny vaksinasjonsbehandling som kan takast heime, seier Roger Indbryn i ei pressemelding. Han er medisinsk rådgjevar i ALK Nordic, som har utvikla den nye tabletten.

Han meiner Itulazax vil spara pasientane og helsemyndigheitene for mykje ressursar.

Færre legebesøk

– Me er glade for at produktet i tillegg er anerkjent av myndigheitene for sine kvalitetar gjennom heile trepollensesongen, og ikkje berre under bjørkesesongen, seier Indbryn.

Vaksinepilla er ein smeltetablett som skal takast ein gong om dagen i tre år. Den skal behandla årsaka til sjukdomen, i staden for berre symptoma. Denne behandlinga inneber færre legebesøk enn vaksinasjon med sprøyteinjeksjon.

I dei kliniske studieresultata som låg til grunn for Statens legemiddelverk si godkjenning, inngjekk blant anna resultat frå ei klinisk fase III-studie med Itulazax som vart avslutta i 2017. Studiet synte signifikant reduksjon av allergisymptom, samt signifikant mindre bruk av symptomlindrande medikament i bjørkepollensesongen i gruppa som vart behandla med Itulazax samanlikna med kontrollgruppa. Effekten synte seg å vera likeverdig i heile or, hassel- og bjørkepollensesongen.

Artikkeltags