Denne innsatsen er spesielt retta mot Nordland og Vestland. Statens naturoppsyn (SNO) kan no gi straffegebyr for mindre alvorlege brot på lakse- og innlandsfiskloven, opplyser Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Det betyr at personar som bryt regelverket, vil få eit gebyr i staden for å bli meld til politiet.

Mindre brot er til dømes å fiske i lakseførande vassdrag utan å ha betalt fiskaravgift, ulovleg fiske i munningsfredingssoner og brot på vekefredinga eller merkebestemmelsane ved kilenotfiske.

Alvorlege brot, slik som ulovleg garnfiske, vil som tidlegare bli meldt til politiet.

Avhengige av publikum

Miljødirektoratet opplyser at SNO har løpande oppsyn med laksefiske langs heile kysten.

– I Nordland og Vestland er det framleis for mykje ulovleg fiske. Det blir brukt store ressursar på å reetablera laksestammar etter angrep frå parasitten Gyrodactylus salaris i desse områda. Viss det ulovlege fisket held fram, vil det ta lang tid før me klarer å reetablera laksestammane, om det i det heile er mogleg, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet får mange tips og tilbakemeldingar om ulovleg fiske frå publikum, noko som tyder på at folk tykkjer at ulovleg fiske er ugreit. Hambro oppfordrar alle til å tipsa Miljødirektoratet eller politiet viss dei oppdagar mogleg ulovleg fiske.

– Me er heilt avhengige av tips frå publikum for å beskytta sårbar sjøørret og laks mot ulovleg fiske, seier Hambro.