Den nye Direktesport-plattformen i Sogn Avis er no oppe og går for deg som vil følgja Sogndal Fotball sin kamp for poeng og opprykk i OBOS-ligaen.

Plattformen er oppgradert, og vil frå komande sesong by på følgjande meny:

  • Alle kampane til sogndølene og dei andre laga på nest øvste nivå
  • 75 kampar frå Eliteserien der Sivert Mannsverk og Molde skal forsvara sitt seriegull
  • Samtlege kampar frå PostNord-ligaen der me finn Eirik Lereng i Arendal og Mathias Sundberg i Ullensaker/Kisa
  • Samtlege kampar frå Norsk Tipping-ligaen der Sogndal 2 spelar i årets sesong
  • Dei fleste kampane frå NM for menn til og med semifinalane

I tillegg har me rettigheitane til Sogndal sine to resterande treningskampar, mot Raufoss i Valdres Storhall komande søndag klokka 14.00, og generalprøva mot Brann i Bergen søndag 2. april, med avspark 12.00.

Slik får du sett alt

For å få tilgang til dette må du ha tilgang til Amedia sitt totalabonnement +ALT. Utanom fotball og anna direktesendt sport gir +ALT deg tilgang til alt innhaldet i meir enn 90 lokalaviser i Noreg, Nettavisen og podkast-appen Untold.

Har du til dømes eit digitalabonnement på Sogn Avis allereie, vil oppgraderinga kosta deg 50 kroner meir i månaden.

Endringa av abonnement gjer du her.

Direktesport-plattformen er utvikla med ny teknologi, og har dei same funksjonalitetane og avspelaren som TV2 Play. I tillegg vil den få ei personalisert forside, som gjer at brukarane vil bli eksponert for det innhaldet som er mest relevant for dei.

Endringane av Direktesport vil óg føra til at det kjem fleire og betre appar for SmartTV og mobil. Appane som blir lansert er førebels til Apple- og Android TV, Samsung TV, LG TV og Apple- og Android Mobil.

Brukarar som loggar inn i eksisterande appar vil bli informert på framsida av Direktesport om at dei må lasta ned eller oppdatera den nye versjonen av appen for å få tilgang til innhaldet.

– Ingen vil vera tettare på

Den omfattande satsinga frå og med komande sesong skjer med bakgrunn i det langsiktige partnarskapet mellom Amedia og TV2 som blei inngått for om lag eitt år sidan.

Sjå alle Sogndal sine kampar i OBOS-ligaen med +ALT

I år kan du som abonnement sjå samtlege av Sogndal sine kampar i OBOS-ligaen direkte hjå oss og Direktesport. Alt du må gjera er å oppgradera abonnementet ditt til +ALT. Dette kostar 50 kroner ekstra i månaden, og du får då tilgang til alle kampane i OBOS-ligaen, samtlege av Amedia sine lokalaviser, all direktesendt sport på den nye og oppdaterte plattformen til Direktesport, og mykje meir.

Gå til denne sida for å oppgradera ditt abonnement til +ALT.

– Med Amedia sitt lokale nærvær over heile landet vil ingen kunne vera tettare på lokalfotballen enn våre aviser, og me lovar å bringa nerven, engasjementet og dramatikken til det som utspelar seg på fotballarenaer rundt om i Noreg. I Amedia er me stolte over å kunne tilby våre lesarar eit så omfattande tilbod av direktesendt sport som me no gjer, seier nyhetsdirektør i Amedia, Jostein Larsen Østring, i ei pressemelding.

Han legg vidare til at direktesendt sport og utviklinga av eit stadig større innhaldstilbod for +ALT-abonnentar er viktige element i Amedia sin overordna strategi for å vinna kampen om folk sin tid.

– Våre aviser arbeider knallhardt kvar dag for å fylla den viktige rolla dei har i folk sine liv. For å fylla den er det avgjerande å utvikla seg i takt med deira behov og forventningar, seier Østring.