No kan dei unge jubla: Om under éin månad kan barnefotballen trena som vanleg att

SNART: Regjeringa har bestemt at born og unge kan trena som normalt att frå 15. juni.

SNART: Regjeringa har bestemt at born og unge kan trena som normalt att frå 15. juni. Foto:

Regjeringa kom med ei real gladmelding til unge fotballspelarar onsdag morgon.

DEL

Frå 15. juni mjukar regjeringa opp koronareglane blant born og unge i fleire utandørsidrettar, som er under dei i kategorien «med avgrensa fysisk kontakt», skriv VG.

Det betyr at barnefotballen kan trena slik dei gjorde før pandemien braut ut, utan å måtte tenkja på dagens krav om éin meter avstand.

– I likskap med Norges idrettsforbund har eg vore oppteken av å opna breiddeidretten så raskt som mogleg. Difor er det veldig gledeleg å kunne sei at barnefotballen, samt andre barneidrettar med avgrensa fysisk kontakt, startar opp att frå 15. juni. Då går ein vekk frå éinmetersregelen, seier Raja til VG.

Det er førebels ikkje kjend når laga aldersbestemt nivå kan byrja å spela kampar.

1. divisjon nærmar seg

Dermed har fotballen i landet teke eit nytt seg attende mot normalen.

Eliteserien byrjar etter planen i midten av juni, og tysdag blei det kjend at laga 1. divisjon får byrja med kontakttrening komande måndag – to veker tidlegare enn planlagd.

Det betyr at seriestarten òg kjem tidlegare for Sogndal og kompani, der første serierunde truleg blir spelt mellom 1. og 3. juli.

Artikkeltags