– Me har fått ein smitta i Vik med relasjon til utbrotet på Meat Point i Sogndal, seier Jan Ove Tryti til Sogn Avis seint torsdag kveld.

Tryti fungerer for tida også som smittevernlege i Vik.

– Personen som er smitta i Vik var alt sett i karantene som nærkontakt og er no sett i isolasjon. Nokre få nye nærkontaktar blir testa i morgon, seier Tryti.