No har han skrive treårskontrakt med Sogndal

HAR SIGNERT: Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde overgang for forsvarsspelaren Igoh Ogbu (20).

HAR SIGNERT: Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde overgang for forsvarsspelaren Igoh Ogbu (20). Foto:

Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde om overgang for forsvarsspelaren Igoh Ogbu (20).

DEL

Det skriv Sogndal Fotball på heimesida.

Midtstopparen har vore i Sogndal på lån frå trønderane sidan sommaren i fjor. No har han signert ein avtale som strekkjer seg over dei neste tre åra.

– Me er veldig glade for å ha fått denne signeringa i hamn, seier Håvard Flo.

Kom på lån

Igoh kom til Sogndal i fjor sommar på lån frå Rosenborg. Han fekk tillit hjå trenarteamet og mykje speletid i fjor haust.

Den positive utviklinga har halde fram under årets oppkøyring, der han har teke rolla som sjefen i forsvaret.

– Eg likar meg veldig godt i Sogndal, og no ser eg fram til tre gode år her. Eg trivst veldig godt både i klubben og i bygda, seier Igoh.

– Viktig signering

Trenar Eirik Bakke er glad for å ha med forsvarsspelaren vidare dei neste tre åra.

– Dette er ei veldig viktig signering. Når me kan henta ein så god spelar, viser me at Sogndal er ein attraktiv klubb. Med Igoh på plass permanent, byggjer me tropp, seier Bakke og legg til:

– Det er godt å få ei slik viktig brikke på plass. Igoh er ein svolten fotballspelar med eit stort potensial og som passar godt inn i profilen vår. No skal me utvikla han godt slik at han med tida tek steget vidare ut.

Artikkeltags