No har geolog undersøkt rasstaden

INNESPERRA: Fleire husstandar i Feios er råka av dei utrasa massane som kom ned i vegen onsdag kveld.

INNESPERRA: Fleire husstandar i Feios er råka av dei utrasa massane som kom ned i vegen onsdag kveld. Foto:

Vik kommune og geolog har undersøkt skredet som har gjort fleire husstandar isolerte.

DEL

– Me har no vore der med geolog. Entreprenør har starta oppryddingsarbeidet, men geologen vurderer området som så rasutsett at han tilrår nattestenging når det er meldt nedbør.

Det seier Ole Petter Ramberg, teknisk sjef i Vik kommune fredag ettermiddag.

– Dette er ei tilråding kommunen tek til seg og følgjer opp, seier Ramberg.

Vegen blei stengd onsdag kveld og gjorde fleire husstandar isolerte.

Difor blir Lundsvegen nattestengd i helga, frå klokka 17–08.

– Me jobbar med å få til eit vindauge mellom 16.30 og 17.00 fredag slik at folk kan få bilane på riktig side av raset, seier Ramberg.

Måndag skal det gjerast ny vurdering av stoda.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken