No går ferjene som normalt att

Ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes var i morgontimane innstilt grunna tekniske problem. Torsdag ettermiddag går ferjene som normalt att.

Publisert 29.08.2019 kl. 06.46. Oppdatert kl. 13.03.

- På grunn av teknisk feil blir siste tur i kveld/natt frå Vangsnes klokka 00.50 med øvrige anløp kansellert, melde Vegtrafikksentralen klokka 00.48 natt til torsdag.


Tidleg torsdag morgon var ferjene framleis ikkje i drift att.


Klokka 07.13 melder Fjord1 at 07:25-avgangen frå Balestrand er innstilt, og at det frå 07:40 og utover dagen vil gå to ferjer i staden for tre på denne strekninga. Rutene går i henhald til vintertabellen. 


Klokka 12.57 melder Vegtrafikksentralen at ferjene no går som normalt etter oppsette ruter.