Gå til sidens hovedinnhold

No går det rette vegen med smittetala - i dag kjem regjeringa med nye retningslinjer

206 nye koronasmitta siste døgn – 349 færre enn for ei veke sidan

Det siste døgnet er det registrert 206 koronasmitta i Noreg. Det er 37 færre enn dagen før og 349 færre enn same dag førre veke.

I alt var det ved midnatt natt til måndag registrert 58.651 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 3.177 nye smittetilfelle i Noreg. 3,1 million personar er til no testa for koronavirus her i landet.

158 koronapasientar var søndag innlagde på sjukehus. Det var åtte fleire enn dagen før.

Til saman er 517 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

64,8 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg.

Justering av tiltaka

Måndag klokka 14 held regjeringa ny pressekonferanse der Helsedirektoratet tilrår justeringar i koronatiltaka

-Tiltaka for å få ned smitten har hatt så god effekt at det no er på tide å gjere nokre justeringar, tilrår assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Pilene peikar i riktig retning. Dei strenge tiltaka som vart innførte før jul og vidareført inn i det nye året, har hatt god effekt – ikkje berre lokalt i enkeltkommunar, men i heile landet.

Derfor har Helsedirektoratet tilrådd «nokre justeringar» i smitteverntiltaka, stadfesta Nakstad då han vart intervjua på NRKs Nyheitsmorgon måndag.

Kommentarer til denne saken