No får alle Sogn Avis sine abonnentar fri tilgang til lokale nyhende frå heile landet

NYTT TILBOD: Ein slik epost skal du ha fått i dag, der kan du enkelt ta i bruk  det nye tilbodet +alt dersom du vil ha tilgang på lokale nyhende frå heile landet.

NYTT TILBOD: Ein slik epost skal du ha fått i dag, der kan du enkelt ta i bruk det nye tilbodet +alt dersom du vil ha tilgang på lokale nyhende frå heile landet.

Frå og med måndag 23. mars og ut april får du som er abonnent på Sogn Avis tilgang til heile 75 lokalaviser og ti lokale nettstadar i heile landet.

DEL

Det er eit grep som Amedia har gjort for møte eit enormt informasjonsbehov i ein unntakstilstand i Noreg.

Kravet til relevant og løpande formidling av nyhende har aldri vore større i norsk etterkrigstid. Det ser me også på tala som viser korleis Sogn Avis blir lest time for time på nettet.

Desse tala var rekordhøge sist veke og me trur og håpar dei vil stiga også framover.

Opne saker

Våre journalistar jobbar både tidleg og seint for å formidla flest mogleg sider av ei ekstrem tid, men me formidlar også andre saker og reportasjar frå kvardagslivet i Sogn.

Alle viktige korona-nyhende skal vera tilgjengeleg for alle lesarane. Difor ligg der mellom anna eit direktestudio som blir oppdatert når allmenn informasjon skal ut. Det vert også laga mindre saker og notisar når slik informasjon kjem til oss.

Du treng altså ikkje vera betalande abonnement for å halda deg oppdatert her.

Plussa saker

Samtidig er det slik at noko av koronasstoffet er plussa. Det må me rett og slett gjera for å ha livets rett.

Våre journalistar, som jobbar frå grytidleg morgon og til seine kvelden, må også ha løn. Dei kan ikkje jobba gratis.

I tillegg til alle andre utgifter som er i privat verksemd, og med annonseinntekter som har stupt over natta, er det abonnentane me no må festa vår lit til.

Sogn Avis er heller ikkje i ein situasjon der me får pressestøtte frå staten, difor treng me abonnementsinntekter slik at me framleis kan ha journalistar til å undersøkja lokale konsekvensar av koronakrisa.

I tillegg til å dekka andre store og små nyhende frå Indre Sogn.

Landet rundt

Sidan Sogn Avis no er ein del av ein stor lokalavis-familie har Amedia bestemt at du som abonnent skal frå og med i måndag 23. mars og ut april få tilgang til plussa stoff i alle 75 Amedia-aviser og ti nettstader, rundt om i landet. Utan ekstra kostnad.

Det betyr at har du besteforeldre i nord, tanter i sør, svigerforeldre i aust eller syskenbarn i vest, så kan du no også sjå kva som rører seg i deira lokalsamfunn.

Modellen er døypt +alt og alle eksisterande abonnentar skal ha fått e-post om korleis du enkelt aktiverer deg som brukar. Du kan også invitera inn fire andre i husstanden, på same måte som det digitale abonnementet til Sogn Avis.

Artikkeltags