No er Thea (19) på det nest beste landslaget

TIL SPANIA: Thea Bjelde skal til Marbella med det norske U23-landslaget i første halvdel av mars.

TIL SPANIA: Thea Bjelde skal til Marbella med det norske U23-landslaget i første halvdel av mars. Foto:

Talentet frå Sogndal tek stadige steg oppover.

DEL

Thea Bjelde (19) frå Sogndal er teken ut i den første U23-landslagstroppen i år, til kampane mot Nederland og Sverige på Marbella i mars.

Laget frå treskolandet er motstandar 8. mars, medan svenskane står på motsett banehalvdel to dagar seinare.

Bjelde blir ikkje den einaste som pratar nynorsk under opphaldet i Spania, då også tidlegare Kaupanger-keeper Linn-Mari Nilsen (Sande) og Elise Stenevik (Florø) er tekne ut i troppen.

Bjelde mista det meste av førre sesong etter at ho rauk korsbandet i slutten av april, men etter ein god opptreningsperiode er ho no attende for fullt.

I januar skreiv midtbanespelaren under på ein ny toårskontrakt med Arna-Bjørnar, trass i at ho er på ønskjelistene til fleire storklubbar ute i Europa.

Artikkeltags