Gå til sidens hovedinnhold

No er søknaden om freding av Wittgensteinhuset avgjort: – Eit hus med utsikt, lagd for innsikt

Riksantikvaren fredar huset til filosofen Ludwig Wittgenstein i Skjolden.

I ei brått skråning i enden av Eidsvatnet står huset som den verdskjente filosofen Ludwig Wittgenstein (1889–1951) frå Austerrike fekk oppført i Noreg i 1914. No vert huset freda, skriv Riksantikvaren i ei pressemelding.

– Dette er eit hus med utsikt, lagd for innsikt. Her, inst i Sognefjorden, hadde Wittgenstein arbeidsro til å skriva det som har blitt ståande som europeisk filosofihistorie. Ved at huset no er gjenreist og freda på sin opphavlege plass, sikrar vi at denne heilt spesielle, internasjonale historia kan opplevast og blir tatt vare på, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Tilbakeføring i 2019

Wittgenstein arbeidde i Skjolden med fleire sentrale verk innan den moderne språkfilosofien og logikken, på eigedommen som går under namnet «Austerrike».

I 2014 kjøpte Luster kommune den opphavlege tomta ved Eidsvatnet. Saman med den nyoppretta Stiftinga Wittgenstein i Skjolden og dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune, samarbeidde dei om å føra tilbake huset. Riksantikvaren har gitt tilskot.

– Det gler meg at det tilbakeførte huset til Wittgenstein no får varig vern. Denne stemningsfulle plassen, i harmoni med den oppsiktsvekkjande naturen, er eit nasjonalt kulturminne som har sett Noreg på verdskartet. I tillegg er det Wittgenstein sin bustad og arbeidsplass, der han skreiv delar av verket Filosofiske undersøkingar, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Fredinga av huset skal sikra heilskapen, og ho omfattar difor både eksteriøret på huset, stien opp frå Eidsvatnet og det næraste området rundt.

Les også

Føreslår å freda atterreist hytte: – Har nasjonal kulturminneverdi

Kommentarer til denne saken