DAGLEG LEIAR: Marianne Jevnaker er tilsett som dagleg leiar for det planlagde Vitensenteret, her saman med styreleiar Tor Arne Ness. (Foto: privat)

No er prosjektleiaren for Vitensenteret på plass

Marianne Jevnaker er tilsett som dagleg leiar frå 1. oktober.

Publisert 02.07.2018 kl. 12.37. Oppdatert kl. 13.07.

Det går fram i ei pressemelding frå Tor Arne Ness, styreleiar for Vitensenteret i Sogn og Fjordane. 

Han viser til god framdrift for etableringa. Selskapet Vitensenteret i Sogn og Fjordane vart stifta 8. februar i år. Emisjonen vart fullført med vel 3 millionar i aksjekapital og med ein brei eigarstuktur. Største aksjonæren er Sogn og Fjordane fylkeskommune, men både Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, NITO og næringslivet i regionen er med. 

 

I tillegg har kommunane Sogndal, Lærdal, Luster, Leikanger, Vik, Førde og Florø delteke i emisjonen. Målet er at ein skal opne eit regionalt Vitensenter på Kaupanger i 2020, og at det skal vere eit senter for heile fylket.

 


- Utruleg spennande

Marianne Jevnaker er tilsett som dagleg leiar i selskapet frå 1. oktober, og vil få ansvaret med å koordineae og fullføra planlegginga av senteret. Marianne er frå Årdalstangen, og har realfagleg bakgrunn som bioingeniør. Dei siste åra har Marianne teke ein Master på NTNU, og er motivert til å bidra med å realisere det einaste Vitensenteret i Sogn og Fjordane


- Eit utruleg spennande prosjekt som både treff skulane og næringslivet, og ei utfordring eg ser fram til å ta fatt i. Eg gler meg til å vidareutvikla og konkretisera alt det gode arbeidet som er gjort av prosjektgruppa så langt. Me har eit godt grunnlag for å skape eit unikt Vitensenter på Kaupanger som er tufta på vår identitet og våre ressursar her i Sogn og Fjordane. Målet er at det også skal vera spennande for reisande å oppleve senteret. Det er mange brikker og mykje jobb som gjenstår, men det er etablert eit godt fundament og eg ser fram til å ta fatt på arbeidet, seier Jevnaker i pressemeldinga. 


 


I gode hender

 Kaupanger Næringsforening ved Tor Arne Ness var initiativtakar til prosjektet, og han er styreleiar i det nye selskapet. Han er glad for at dagleg leiar er på plass og at ein får dedikerte ressursar til å fullføra prosjektet.


- Dette er eit ambisiøst prosjekt som no har kome til realiseringsfasen, og det held ikkje å driva med dette på sida av alt anna lenger. Prosjektet vil vera i gode hender med Marianne som drivkraft og koordinator, og med seg har ho mange ressursar som engasjerer seg og ynskjer å få dette til. Ein treng alle gode krefter for å realisere slike prosjekt, og det er når alle dreg i same retning at ein lukkast.


 


 


Kontakt med skulane

Ei av hovudoppgåvene fram til opning er å få langsiktige avtalar med skular og kommunar om bruk av senteret innanfor deira ramme- og opplæringsplanar.


- Skulane vert hovudbrukarar av senteret, og det har vore tydelege signal frå både rektorar og skuleansvarlege at dette er eit tilbod skulane ynskjer å få her i fylket.


I forretningsplanen er det lagt opp til statleg medfinansiering av drifta, samt at både næringslivet og skulane bidreg gjennom sponsing og bruk.


Byggherre vert Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, og bygget skal romme både eit nytt vitensenter, oppgradert avdeling av Sogndal vidaregåande skule, samt vera ein møteplass for næringslivet i regionen, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Nye Sogndal Ung Årdal