No er nok ein koronapasient innlagt på sjukehuset

MOTTAK: Førde sentralsjukehus har laga sitt eige smittemottak.

MOTTAK: Førde sentralsjukehus har laga sitt eige smittemottak. Foto:

Helse Førde melder fredag 27. mars at det er to innlagde pasientar ved sjukehuset med påvist Covid-19 smitte.

DEL

Ein pasient vart innlagt tidlegare i veka. Ingen av dei treng intensivbehandling.

Med denne siste som vart innlagt, så er det 34 stadfesta tilfelle av folk med koronasjukdomen Covid-19 i Helse Førde sitt område. Det er tre nye berre siste døgnet.

44 prøver er analyserte. Elles opplyser helseføretaket at av dei 3000 tilsette er det no 56 personar i karantene. To tilsette har fått stadfesta smitte.

Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord seier til avisa Firda at torsdag ettermiddag testa to nye personar i Sunnfjord positivt på koronaviruset. Den eine er under 30 år, den andre er over 65. Og det er den eldste som er lagt inn på sentralsjukehuset.

Artikkeltags