Nominasjonsnemnda er klar med framlegg til Sogndal Senterparti si kommunevalliste. Listeframlegget skal handsamast på nominasjonsmøtet i lokallaget 20. januar, opplyser leiar i nominasjonsnemnda, Sindre B. Ramung.

Dei tre første kandidatane er kumulerte.

Ordførar Arnstein Menes legg snart bak seg sin første periode som ordførar i Sogndal kommune, og er innstilt på topp att til valet 2023.

Nominasjonsnemnda kunngjorde at dei ville innstilla han på topp, i fjor haust. Nominasjonsleiar Ramung sa mellom anna at Sogndal Senterparti oppnådde eit svært godt vallresultat med Menes i spissen.

– Arnstein har leia den nye kommunen gjennom ei utfordrande tid, der leiinga skulle byggja opp ein heilt ny organisasjon og kultur, og ikkje minst få dei tre tidlegare kommunane sine tenester til å henga saman og fungera på ein einskapleg måte. Me syns Arnstein har leia denne prosessen godt, og vist seg som ein god ordførar for kommunen, seier Ramung.

Dei to neste toppkandidatane er Malén Røysum på 2. plass. Ho er busett på Leikanger, og er i inneverande periode leiar for Plan- og forvaltningsutvalet. Ho jobbar til dagleg i vegadministrasjonen i Vestland fylkeskommune. May Kristel Bødal er frå Kaupanger, og jobbar i Sogn barnevern. Ho har også erfaring frå mellom anna Sogndal kyrkjelege fellesråd og Kaupanger sokneråd.

Nominasjonsnemnda legg fram dette listeframlegget for nominasjonsmøtet:

1. Arnstein Menes, Balestrand

2. Malen Røysum, Leikanger

3. May Kristel Bødal, Kaupanger

4. Lisa Horpen, Sogndal

5. Tore Feten, Balestrand

6. Arne Monrad Johnsen, Leikanger

7. Helga Hundere Timberlid, Sogndal

8. Magne Selseng, Kaupanger

9. Laila Njøs Eikeland, Leikanger

10. Gunnar Supphellen, Fjærland

11. Espen Sæterbø, Leikanger

12. Adelheid Kristiansen Breidvik, Sogndal

13. Atle Johannes Dale, Balestrand

14. Olaug Marie Bjelde, Sogndal

15. Anders Skarestad, Fjærland

16. Anders Dale, Balestrand

17. Catrine Elvagjeng, Sogndal

18. Nils Olav Nygard, Leikanger

19. Tone Elen Midttun, Sogndal

20. Olav Horpedal, Fjærland

21. Vivian Hilleren, Kaupanger

22. Kjell Magne Brekken, Leikanger

23. Oda Sunde, Sogndal

24. Anton Østvang Lee, Balestrand

25. Siv Anita Hundershagen, Norane

26. Eivind Stevling Torstad, Sogndal

27. Anne Britt Halset, Norane

28. Turid Cecilie Oppedal, Leikanger

29. Laura Kvamme, Fjærland

30. Sindre Børsheim Ramung, Leikanger

31. Bente Sønsthagen, Kaupanger