BLIR HOVUDTRENAR: Kjell Ertesvåg blir hovudtrenar for Fjøra komande sesong. Med seg får han Håvard Øygarden og Thomas Ness. (Foto: privat)

No er det klart kven som skal trena Fjøra i 2020

Hovudtrenar vert Kjell Ertesvåg, medan Håvard Øygarden vil få ei sentral rolle som hjelpetrenar.

Publisert 05.11.2019 kl. 21.05. Oppdatert kl. 21.42.

Det skriv Fjøra Fotballklubb på si facebookside tysdag kveld.


- Begge har vore med Fjøra litt i år og kjenner klubben godt. I tillegg til desse to vert Thomas Ness med litt som hjelpetrenar i tillegg til spelar, ein trio me er veldig nøgde med ville vera med å bidra i 2020, skriv klubben.


Rutinerte

Kjell Ertesvåg kom til Fjøra frå Norane som ung spelar i 1989 og spelte i Fjøra i fem sesongar, til og med 1993.

Etter opphaldet i Fjøra gjekk turen vidare til Sogndal der han til og med vart toppscorar i 1995. Etter tre sesongar i Sogndal gjekk turen vidare til Ski før han var ein tur innom Førde og kom så attende til Fjøra og spel i 2. divisjon i 2000. Han la deretter opp, men fortsette som sportsleg leiar i klubben også i 2001.

I 2012 var han trenar for Fjøra med Vidmar Hjellhaug som hjelpetrenar medan han i 1993 var trenar saman med Reidar Dvergedal.

Han har også vore sterkt involvert som trenar både på herre og damelaget til Kaupanger. Han har spelt 143 kampar for Fjøra og putta 88 mål så ingen tvil om at dette er ein røynd kar både som spelar og trenar.

No jobbar Ertesvåg som rektor ved Kaupanger skule.

Håvard Øygarden var med i trenarteamet på Sogndal 2 i fleire sesongar før han i 2017 og 2018 hadde ansvaret for Åsane sine juniorar. I tillegg var han trenarkoordinator i barnefotballen og hadde ansvar for akademia. Ein svært engasjert og dyktig kar som flytta tilbake til Sogndal no i sommar for masterstudiar og som ønskte å bidra for oss i Fjøra.

Thomas Ness kom tilbake til Sogndal i fjor etter nokre år i Bergen. Han har fått seg jobb som lærar og skal framleis vera spelar i 2020 i tillegg til å bidra som hjelpetrenar. Han er også soneansvarleg i kretsen for 2007-kullet frå 2020.

Les også: Både Jens-Ivar Nilsen og Knut Almås hadde sin siste kamp som Fjøra-trenarar 27.oktober


Les meir om: Sport Fotball Sogndal