No er det ingen påviste tilfelle av covid-19 i Årdal

Person som var koronasmitta er no friskmeld.

DEL

– Kommuneoverlegen melder i dag om at det er ingen påvist smitta av Covid-19 i Årdal no, opplyser Årdal kommune på sine nettsider fredag.

Personen som var påvist smitta er no friskmeld og ute av isolasjon.

No er det blitt letta på restriksjonar i samfunnet, og kommunelege Frode Myklebust har lagt ut ein del råd på nettsida som han ønskjer at innbyggjarane følgjer.

– Myndigheitene har no gitt kvar enkelt av oss eit større ansvar for situasjonen. Derfor er det viktigare enn nokosinne at me følgjer råd som me har fått, og vil få, av myndigheitene, oppmodar kommunelegen.

Artikkeltags