No er det ikkje lov å betala med kontantar på ferjene

GOD AVSTAND: Det er ikkje berre bilane som må ha god avstand på ferjene. Billettør Jon Magne Høyum på Norled-ferja Høgsfjord held trygg avstand til dei reisande.

GOD AVSTAND: Det er ikkje berre bilane som må ha god avstand på ferjene. Billettør Jon Magne Høyum på Norled-ferja Høgsfjord held trygg avstand til dei reisande. Foto:

Norled sender søndag ut melding om at det ikkje er tillete å betala med kontantar på dei tre ferjesambanda i Sogn.

DEL

Både på Manheller - Fodnes, Dragsvik - Hella - Vangsnes og Lavik - Oppedal må folk no betala med kort dersom dei ikkje har autopass.

Årsaka er smittefaren ved å nytta sedlar. Frå før har selskapet innført restriksjonar for korleis ein kan betala. Dei ber folk halda avstand til billettørane, og at passasjerar helst held seg i bilen under overfarta.

Artikkeltags