No er det fritt fram over Årdal-Tyin

Publisert 19.01.2019 kl. 15.23.

Uvêr har skapt store problem på fjellovergangane dei siste dagane. No byrjar det å letta.


Klokka 15.17 laurdag ettermiddag melder Vegtrafikksentralen at fylkesveg 53 Årdal-Tyin er opna for fri ferdsel.


Riksveg 52 over Hemsedal har framleis kolonnekøyring. Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd og blir ikkje opna att før tidlegast søndag.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk