SURT: Ivan Øy sine menn tapte 2-1 mot Førde fredag kveld. Dermed gjekk Førde forbi årdølene på tabellen. (Arkivfoto)

No er det daudt løp mellom Årdal og Førde

Vegard Gjermundstad vart kampens store spelar då han senka årdølene med to scoringar.

Publisert 09.08.2019 kl. 21.03.

Fredag kveld fekk Kretsligaen ein ny serieleiar då Førde vann 3-1 over Årdal. No leiar Førde-laget tabellen på betre målskilnad.


Vertane tok føringa frå start i den tidlege seriefinalen, og etter 28 minutt kunne heimepublikummet sleppa jubelen laus.


Vegard Gjermundstad var først på ballen etter ein corner og midtstopparbautaen varta opp med ein frekk variant då han scora etter eit ståande brassespark.  


Utlikning og straffescoring

Etter kvilen måtte Årdal framover, og det gav Førde nokre sjansar på overgangar.


Men det var sogningane som fekk den neste scoringa. Eit frispark vart slått inn på bakerste stolpe. Der ruva Truls Hovland høgast og fekk styrt ballen mot mål. På streken kom Fredrik Sørli og skalla den kontant i nettet til 1-1.


13 minutt før slutt fekk Førde straffespark til store Årdal-protestar etter ein duell mellom Brede Stedje Ylvisåker og ein Førde-spelar. Årdal-spelarane meinte at Førde-spelaren datt noko lett, men domaren stod på sitt. Gjermunstad gjekk sjølvsikkert fram for å ta straffa, og den tidlegare proff-spelaren banka ballen utagbart ned i hjørna, dermed var Førde tilbake i leiinga.


Thrilleravslutning på sesongen

Årdal gav aldri opp håpet om å få med seg poeng heim til Årdal, men Ivan Øy sine menn klarte ikkje å koma til dei store sjansane mot eit godt Førde-forsvar.


I staden sette Kristian Hauståker inn 3-1 på overtid, etter kommunikasjonssvikt i Årdal-forsvaret.


Dermed er det daudt løp mellom Årdal FK og Førde etter 13 serierundar, og det er duka for ein skikkeleg thriller utover hausten.


Les meir om: Sport Fotball Årdal