No byrjar skattekontora å opna att – men berre eitt i Sogn og Fjordane

NOKRE OPNAR: Divisjonssjef Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten seier dei no byrjar å opna opp att nokre skattekontor for fysisk frammøte.

NOKRE OPNAR: Divisjonssjef Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten seier dei no byrjar å opna opp att nokre skattekontor for fysisk frammøte. Foto:

Skatteetaten startar no ei gradvis gjenopning av tenestetilbodet. Frå 18. mai vil 18 skattekontor vera opne for tenester som krev fysisk oppmøte.

DEL

Det er førebels berre mogleg å bestilla tid til ID-kontroll viss du skal søkja om skattekort, melda innflytting til Noreg eller stadfesta farskap, skriv Skatteetaten i ei pressemelding.

− Desse tenestene krev fysisk oppmøte, seier divisjonsdirektør for Brukerdialog i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal. Ho legg til at dei som skal møte opp på skattekontoret må bestilla time på førehand. Skattekontora er ikkje opne for andre tenester.

No kan ein bestilla time for fysisk møte i Førde. Skattekontora på Nordfjordeid og Leikanger held framleis stengt.

Hindra virusspreiing

Skatteetaten sine andre skattekontor er framleis stengde for å hindra virusspreiing, men rettleiarar over heile landet svarar på spørsmål i alle kanalar frå heimekontor. Du kan nå dei både på chat, Facebook og telefon, står det i pressemeldinga.

– Skatteetaten legg stor vekt på sikkerheit og smittevern, både for medarbeidarar og publikum når me no opnar for timebestilling på nokre skattekontor. Det er viktig at me kan opna for naudsynte publikumstenester. Samtidig må dette skje i samsvar med gjeldande råd om smittevern gitt av myndigheitene om koronapandemien, understrekar Gjengedal.

Artikkeltags