– Eg er veldig glad for at me endeleg får inkludert gamle Sogn og Fjordane i billetterings- og prissystemet som alle dei store byane og regionane i Noreg nyttar. Medan ein i gamle Sogn og Fjordane har hatt prising basert på kilometer, så går ein no over til pris per sone innafor ei viss tid. Dette inneber at deler fylket inn i geografiske soner, og at ein kan reisa fritt innanfor ei sone i den tida billetten gjeld, med påslag om ein passerer ei sone, seier Marthe Hammer, gruppeleiar for SV på fylkestinget i Vestland i ei pressemelding.

Breitt fleirtal

Eit breitt fleirtal går for at gamle Sogn og Fjordane vert delt inn i 3 nye soner. Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Reisande kan kjøpa billett gjennom mobilapp, via SKYSS sine nettsider, gjennom sms eller på bussen. Dei rimelegaste reisene vil vera på 39 kroner, og det er sett av 10 millionar kroner for å gjennomføra tiltaket.

– Innføringa av det nye takst- og sonestrukturen kan ha mykje å seia for kor mykje bussen vert brukt her lokalt, seier Vibeke Johnsen, varaordførar for SV i Sogndal. Ho peikar på at det no vert rimelegare for alle dei som vil ta bussen til og frå arbeid i Sogndal og nabokommunane.