No blir det godt om plassen i elvane

LAKSEFISKE: Med fråver av utanlandske fiskarar i første del av sesongen, vil det verta færre om beinet i lakseelvane i landet.

LAKSEFISKE: Med fråver av utanlandske fiskarar i første del av sesongen, vil det verta færre om beinet i lakseelvane i landet. Foto:

I år blir det godt om plassen når om lag ti tusen lakseglade utlendingar truleg må stå over noregsreisa.

DEL

Opninga av fiskesesongen er ei etterlengta markering av sommarstart rundt om i våre om lag 450 lakseelvar. Den magiske datoen er 1. juni for mange lakseelvar, også for ein del elvar i Sogn og Fjordane.

Innreiseforbodet for turistar gjeld i utgangspunktet fram til 20. august. Det er eit stort vonbrot for mange, skriv Norske Lakseelver i ei pressemelding.

1,3 mrd. i omsetnad

Som så mange andre bransjar, vil lakseturismen også bli hardt råka av koronasituasjonen. Til vanleg medfører dei tre hektiske laksefiskemånadene juni, juli og august, ein omsetnad på om lag 1,3 milliardar. Kva som blir fasit i år, er uvisst.

Regjeringa har signalisert at det kan komma nye reglar for fritidsreisande frå Norden den 15. juni. Av dei utanlandske fiskarane i 2019 var dei aller fleste frå Finland, Sverige og Danmark.

God plass i elva

– Dei fleste fisketilbydarane har no likevel flytta sine utanlandske kundar over til 2021, så i år blir det god plass i elva for alle som ønskjer å prøva laksefiske, heiter det i pressemeldinga.

I likskap med regjeringa oppfordrar organisasjonen Norske Lakseelver folk til å halda seg i Noreg i sommar.

– Slik det er no, håpar me at mange tek med seg familien eller vennegjengen på fisketur til ei lakseelv og prøver lukka. Laksefiske er utruleg spennande, og skulle du få ein storlaks på kroken, kjem du nok tilbake neste år, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske Lakseelver, som organiserer 104 norske elveeigarlag.

Norske Lakseelver har sett opp ei oversikt på sine nettsider, for å gjera det lettare for både erfarne og nye laksefiskarar å finna moglegheiter for laksefiske.

Artikkeltags