Gå til sidens hovedinnhold

No blir det eige psykologteam for elevar og lærlingar i heile fylket

Vestland fylkeskommune skal ha eit psykologteam for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring. Ordninga med miljøkoordinatorar på skulane blir også vidareført.

Det vedtok fylkestinget i Vestland på møtet nyleg.

– Både psykologteamet og miljøkoordinatorane skal styrka skulane i arbeidet med elevane sitt skulemiljø og bidra i det førebyggjande arbeidet. Gode tiltak i skulen kan førebyggja og fanga opp slik at me hindrar utvikling av vanskar som kan bli sjukdom. Dette er viktig for å skapa eit heilskapleg psykososialt tilbod i den vidaregåande opplæringa, seier fylkesordførar Jon Askeland til fylkeskommunen sine heimesider.

Heile fylket

Dette betyr at heile Vestland blir omfatta av vedtaket. Tidlegare var det eit psykologiteam på fem personar i Hordaland fylkeskommune før samanslåinga. Røynsla med dette syner at pågangen etter slike tenester er stor.

Tidlegare var ordninga også berre retta mot elevar i den vidaregåande skulen. No omfattar den også lærlingar i heile fylket.

Lågterskeltilbod

Psykologteamet skal vera eit lågterskeltilbod. Dette inneber at elevane ikkje skal tilvisast og tilbodet skal vera lett å oppsøkja. Psykologane skal ha samtalar med elevar og lærlingar og rettleia til vidare behandling der det er naudsynt, i samhandling med fastlege eller skulehelsetenesta.

Samarbeid

Psykologane skal saman med miljøkoordinatorane arbeida for å skapa eit heilskapleg psykososialt skulemiljø for alle elevar i fylket.

– Psykologane og miljøkoordinatorane har på kvart sitt vis ein kompetanse som skulane treng. Deira samfunnspsykologiske kompetanse og kunnskap om individet sine behov er viktig for å byggja gode og trygge læringsmiljø, seier Askeland.

Kjøp av tenester

Ei kartlegging gjort av fylkeskommunen viser at tilbodet av kommunale helsetenester i skulen varierer for stort frå kommune til kommune og at elevane ikkje får eit likeverdig tilbod. For å sikra eit stabilt psykologteam vedtok fylkestinget at Vestland fylkeskommune kan inngå samarbeid med kommunar og helseføretak om kjøp av psykologtenester der dei ikkje klarer å rekruttere eigne eller kor det ikkje er stort nok elevgrunnlag for eigen psykolog, heiter det.

Kommentarer til denne saken