Nina Olsen Munthe (51) overtek for Frode Danielsen som skal fungera som sjef i Digdir fram til ny direktør blir tilsett av Kommunal- og distriktsdepartementet.

– Eg er glad for at Nina har sagt ja til å overta som avdelingsdirektør for ein periode. I tillegg til at ho kjenner vår eigen organisasjon svært godt, har ho god kontakt med verksemdene som brukar fellesløysingane og solid forståing for det viktige samspelet med driftsmiljøa, seier Frode Danielsen i ei pressemelding.

Olsen Munthe er utdanna jurist og har jobba i ulike leiarstillingar dei siste 16 åra, mellom anna som leiar for Skattetaten si rettleiingsteneste i Vest. Ho er i dag seksjonssjef i avdeling for fellesløysingar i Digdir. Der leiar ho seksjonen som har ansvar for teknisk og merkantil forvaltning og utbreiiing av fellesløysingane som ID-porten, Kontaktregisteret og Altinn.

– Me har fleire hundre statlege og kommunale verksemder som nyttar dei digitale fellesløysingane frå Digdir. Eg ser fram til å samarbeida vidare med både tenesteeigarane og våre driftsleverandørar slik at me saman kan gi innbyggarar og verksemder stadig betre tenester framover, seier Nina Olsen Munthe.