Ni nye koronasmitta

DEL

Torsdag blei det analysert 331 nye prøver i Helse Førde.

Ni av desse var positive, opplyser helseføretaket på nettsidene fredag morgon.

Dei positive prøvene er frå Stryn, Kinn, Stad, Gloppen og Sunnfjord.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium, opplyser Helse Førde.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken