Kraftig prisvekst, stram arbeidsmarknad og god lønnsutvikling vil bidra til at Noregs Bank i år og neste år kjem til å heve renta meir enn sentralbanken har signalisert hittil, ifølgje NHO. Rentekomiteen i Noregs Bank møtest onsdag, avgjerda blir offentleggjord torsdag formiddag.

– No i juni trur vi rentebanen vil bli justert opp 0,5 prosenteining til. Med rekordhøg gjeldsrate i hushalda vil dette bite, skriv NHO i rapporten Økonomisk overblikk som kom onsdag formiddag.

Næringslivsorganisasjonen sluttar seg til stadig fleire prognosemakarar og analytikarar som trur den økonomiske situasjonen i år vil resultere i at renta blir sett raskare opp enn sentralbanken signaliserte ved førre korsveg. Når rentetoppen blir nådd, vil han ligg 0,5 prosentpoeng høgare enn vi har rekna med, trur NHO.

Lånerente over 4 prosent

Sjeføkonom Øystein Dørum ser ikkje bort frå at vi får ein auke på 0,5 prosentpoeng på rentemøtet onsdag, men seier til NTB at banken neppe har det travelt. Den vil derfor mest sannsynleg vil auke med styringsrenta med 0,25 prosentpoeng av gongen.

– I prognosane våre har vi lagt til grunn at Noregs Bank hevar renta fire gonger til i år, à 0,25 prosenteining. Då vil styringsrenta ha komme opp i 1,75 prosent ved utgangen av 2022. Modellberekningane våre indikerer at styringsrenta blir heva med minst éi halving i andre halvår 2022, og når 3 prosent mot slutten av 2023, skriv han i prognoserapporten.

Ifølgje NHOs berekningar kjem bustadlånsrenta til å liggje godt over 4 prosent ved utgangen av neste år.

Sterke tal

Organisasjonen poengterer likevel at mange nordmenn har store beløp oppspart etter pandemien og kan vente seg ein god lønnsvekst i år. Samtidig er det stor etterspurnad etter arbeidskraft. I sum vil dette i ei viss grad vege opp for ein noko raskare renteauke enn venta i vår, meiner NHO.

Organisasjonen ventar relativt sterke tal over heile linja for norsk økonomi i år – drive av kraftig privat forbruksvekst oppunder 8 prosent og ein vekst i BNP, den samla verdiskapinga i norsk økonomi, på 3,9 prosent.

Den registrerte arbeidsløysa fell til 3,1 prosent for året samla sett, sysselsetjinga aukar med 2,5 prosent, og bustadprisane endar opp heile 5,7 prosent, viss NHOs prognosar slår til.

Spår markant nedkjøling

Men så er det slutt på moroa. Dei to følgjande åra kjem det ei relativt markant nedkjøling på dei fleste område, ifølgje NHO.

Med på lasset følgjer raskt veksande renter og eit kraftig fall i den private forbruksveksten på høvesvis 2,7 og 1,1 prosent i 2023 og 2024. BNP-veksten skal minke til 2,9 og 1,7 prosent i same periode.

Veksten i bustadprisane, som år etter år har overgått forventningane til analytikarane, skal stanse nesten heilt opp, ifølgje NHOs prognosar. Neste år ventar organisasjonen ein årsvekst i gjennomsnittlege bustadprisar for landet samla sett på 2,5 prosent. Året etter har veksten stansa nesten heilt opp, og vil ende på 1,5 prosent, trur NHO.

(©NPK)